STYRET døme på klausular

STYRET. Aksjonærane har i fellesskap ansvar for at styresamansetjinga til ei kvar tid sikrar samla styrekompetanse, mangfald og andre krav til representasjon i styret. Etter Selskapet sine vedtekter skal Selskapet ha eit styre på inntil 8 medlemmar med personlege varamedlemmar. Partane er samde om at minst 4 styremedlemmar inkl styreleiar skal veljast mellom medlemmar nominert av partane. Inntil 6 av styremedlemmane med varamedlemmar skal veljast av generalforsamlinga og to av styremedlemmane med varamedlemar skal veljast av og mellom dei tilsette. Medlemmane skal veljast for 2 år om gongen. Generalforsamlinga vel styreleiar og nestleiar mellom dei valde styremedlemmane. Valet gjeld for 1 år om gongen. Partane vil nytta maksimal tenestetid/ funksjonstid på 8 år for medlemmar av styret. Ved opprykk til styreleiar kan dette utvidast til 10 år. Slik ordning vil sikre kontinuitet og fornying.
STYRET. Selskapet skal ha eit styre på frå 3 til 7 medlemer som skal velgast av representantskapet. Kvar medlemskommune skal ha minst ein medlem og minst ein medlem skal kome frå dei tilsette. Styremedlemmene blir valgt for 2 år av gongen, der halvparten av styret er på valg kvart år. Ordinært, årleg valg skjer irepresentantskapsmøtet som behandlar årsrekneskapet. Styret si myndigheit følgjer av § 13 i lov om interkommunale selskap og denne selskapsavtala. Styret legg fram forslag til selskapsstrategi for representantskapet minst ein gong kvar valgperiode. Dette skal gjerast i starten av kvar valgperiode. Styret legg fram forslag til økonomiplan og budsjett for neste år for representantskapet seinast 15. november kvart år. Dagleg leiar skal delta i styremøta med tale- og innstillingsrett.