Valnemnd døme på klausular

Valnemnd. 1 representantskapsmedlem frå kvar av tre medlemskommunar er valnemnd i selskapet. Valnemnda sine oppgåver er:• å foreslå kandidatar til leiar og nestleiar i representantskap og styre• å foreslå styrekandidatar som har den kompetansen som trengs for at styret kan utføra sine oppgåver• å sjå til at val i selskapet tilfredsstiller lova når det gjeld kjønnsrepresentasjon. Medlemene i nemnda skal bytast ut skiftevis ein og to kvart år, i alfabetisk rekkjefylgje etter kommunenamna. I 1995 har valnemnda medlemer frå Austevoll, Bømlo og Fitjar, der medlemen frå Austevoll sit i eitt år og dei andre to år. Seinare er alle medlemene i valnemnda valde for to år.
Valnemnd. Generalforsamlinga oppretta i møte 24. mai 2005 valnemnd. Den har som mandat å tilrå medlemmar og godtgjersle til styret. Valnemnda skal spesielt vurdere og sjå til at behovet for kompetanse, mangfald og andre krav, jf denne avtalen, vert ivareteke. Partane er samde om å stemma for at fleirtalet av medlemmane og leiaren av valnemnda vert valde mellom kandidatar nominert av Partane.Partane vil nytta maksimal tenestetid/ funksjonstid på 3 år for medlemmar av valnemnd for å sikre kontinuitet og fornying.Partane er samde om at selskapet skal ha nøkterne styregodtgjersler.