Styresamansetjing døme på klausular

Styresamansetjing. Partane nominerer kvar sine styrekandidatar, minimum ein av kvart kjønn. Kandidatane må tilfredstille valnemnda sine faglege kvalifikasjonskrav. Luster, Sogndal og Vik sin nominasjon har rett på ein styremedlem kvar. I tillegg skal ein fjerde styremedlem veljast frå partane sine nominasjonar. Partane er samde om å stemme for at styreleiar og nestleiar vert valde mellom desse styremedlemmane.Den ekstra styremedlemmen rullerer mellom nominasjonane frå Luster, Sogndal og Vik kvart fjerde år om ein ikkje er samde om anna. Den av Partane som har nominert den som vert styreleiar har ikkje krav på ekstra styremedlem frå sine nominasjonar.