AKSJEKAPITAL OG OVERDRAGING AV AKSJAR døme på klausular

AKSJEKAPITAL OG OVERDRAGING AV AKSJAR. Aksjekapital og overdraging av aksjar er regulert i vedtektene. Selskapet sin aksjekapital er på NOK 144.220.000 fordelt på 2 260 A-aksjar og 4 951 B-aksjar kvar pålydande kr 20.000. B-aksjane kan berre eigast av Stat, kommune eller selskap som fyller krava i industrikonsesjonslova § 4 (lov av 14 desember 1917) til konsesjon utan heimfall slik desse reglane er til ei kvar tid. I alle andre høve er B-aksjane likestilte med A-aksjane, og kvar aksje gir ei stemme på generalforsamlinga. Fyller ein aksjeeigar i selskapet ikkje lengre vilkåra for å eige aksjane, skal han straks melda frå skriftleg til styret om dette og selja aksjane. Er aksjane ikkje avhenda innan 3 månader etter at endringa fann stad, skal styret krevja aksjane seld gjennom namsmakta etter reglane om tvangssal så langt desse passar. Aksjar i selskapet skal fritt kunne overdragast utan at forkjøpsrett skal kunne gjerast gjeldande.