Medsalsrett døme på klausular

Medsalsrett. Innanfor avgrensingane i dette punkt 3, har dei andre Partane rett til å krevje å få selje aksjar som Seljande Part ynskjer å overføre til ein kjøpar, på tilsvarande vilkår ("Medsalsrett"). Aksjeposten skal i så fall fordelast prorata (tal aksjar før sal pr seljande part/summen av tal aksjar hjå seljande partar før sal). Å nytta seg av slik medsalsrett skal meldast skriftleg til Seljande Part innan fire veker etter mottatt varsel. Medsalsretten gjeld ikkje ved overdraging mellom nærståande, slik dette er definert i aksjelova. Den Seljande Part skal, når det er inngått avtale eller gitt løfte om overføring av aksjar, straks gi skriftlig varsel om dette til Selskapets styre og dei andre Partane. Varselet skal angi kjøparen, tal aksjar som skal avhendast, vederlaget, det avtalte forfallstidspunktet, og vilkår elles. Dersom vederlaget som skal ytast for aksjane som skal overdragast er i anna enn pengar, skal varselet også innehalde all informasjon Seljande Part har som er relevant for verdsetting av vederlaget. Dersom tilbodsgivar ikkje ynskjer å overta Aksjar frå dei aktuelle Partane under Medsalsretten, skal den Seljande Part vere forhindra frå å gjennomføre overdraginga.