Samtykke døme på klausular

Samtykke. Overdraging av aksjar føreset samtykke frå selskapet ved styret. Samtykke kan berre nektast når det ligg føre sakleg grunn. Er kjøparen ikkje underretta om at samtykke er nekta innan 6 veker etter at melding om kjøp av aksjepost kom inn til selskapet, vert samtykke rekna for å vera gjeve. Partane er samde om at det er sakleg grunn å nekta overdraging viss overdraginga medfører at ein aksjonær får aksjemajoritet åleine.