Viltlova sin føremålsparagraf døme på klausular

Viltlova sin føremålsparagraf. Viltlova sin føremålsparagraf (§1) uttrykkjer kva føremålet med viltlova er: Viltet og deira leveområde skal forvaltast i samsvar med naturmangfaldlova og slik at det vert teke vare på naturen sin produktivitet og artsrikdom. Innanfor denne råma kan viltproduksjonen haustast til gode for landbruksnæring og friluftsliv. I den einskilde kommune vil det vere grunneigarsida som saman med kommunen legg opp til korleis ein skal forvalte hjortestamma og utnytte denne ressursen på best mogleg vis.