Bakgrunn døme på klausular

Bakgrunn. 9. juni 2016 vedtok dei tre høgskulestyra å søkje Kunnskapsdepartementet (KD) om å fusjonere Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund til ein ny institusjon med namnet Høgskulen på Vestlandet. Høgskulen på Vestlandet skal vere ein institusjon som har god forankring i nærregionane for dei tre høgskolane og på dei fem studiestadane Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og Førde.
Bakgrunn. Utbyggingsavtalens føremål er å avklare partanes ansvar for opparbeiding og finansiering av kommunalt VA- anlegg. ME skal stå for prosjektering og bygging av VA anlegg frå avslutta anlegg i eksisterande fortau i sør og vidare i nytt fortau fram til kum ved avkøyrsle til dagens bruksnr 21 og 31 og derifrå inntil dei 10 bueiningane, samt kostnaden med dette. Vidare skal ME stå som byggherre for anlegget som skal vere offentleg frå eksisterande anlegg i veg i sør og fram til avkøyrsel til dei 10 planlagte bueiningane. VA-anlegget skal byggast ut i større dimensjon enn naudsynt for Hillesvåg bustadområde. AK skal vere med å dekke dimensjonsauke på leidning, samt VA kummer, pumpeleidning, avløp og vil difor gå inn med eit anleggsbidrag tilsvarande kostnaden for ønska kommunal dimensjon på anlegget. AK overtek eigarskap til det kommunale VA- anlegget når det er fullført og formelt overteke.
Bakgrunn. Utbyggingsavtalen har sitt grunnlag i: Kommuneplan areal for Ballstad PlanID 201203 Reguleringsplan for Gjermesøy turistanlegg PlanID 1860-201805
Bakgrunn. Partane ynskjer å oppretthalde lokalt majoritetseigarskap og kontroll i Selskapet, og vil difor opptre samla og koordinert i høve utøving av eigarrettar i Selskapet. Partane ynskjer å sikra føreseielege ordningar i høve styring og utvikling av Selskapet. Partane ynskjer å nytta selskapet som kraft i regional utvikling i desse kommunane, der Selskapet har ressursar og kompetanse å bidra med. Aksjane som er eigd lokalt er ved inngåing av aksjonæravtalen fordelt som følgjer mellom partane: AksjonærA-aksjarB-aksjarSum tal aksjarEigardelLuster Energiverk ASLuster kommune931105-39193149612,91 %6,88 %Sogndal kommune2439091 15215,98 %Vik kommune30211251 42719,79 %Totalt1 5812 4254 00655,55 % BKK AS eig 679 A-aksjar og 2 526 B-aksjar, samla 3 205 aksjar (44,45%).
Bakgrunn. Utbyggar skal bygge ut området ……………..som er regulert i utbyggingsavtale datert. …………….. Infrastruktur som skildra nedanfor i avtalen pkt. 2 skal i heilskap eigast og drivast av kommunen. På denne bakgrunnen er partane samde om at kommunen skal stå for utbygginga som byggherre for infrastrukturarbeida. Denne avtalen supplerer utbyggingsavtalen. Ved eventuell motstrid mellom utbyggingsavtalen og denne avtalen, skal denne avtalen gå føre.
Bakgrunn. Som kjent skjer det no utbygging av vindkraft i Midtfjellet på Fitjar. Størstedelen av grunnen som Midtfjellet Vindpark vert bygd på, er på Fjellsameiga sin grunn. Det er inngått avtale mellom Fitjar Grunneigarlag og Midtfjellet Vindpark AS om vilkår for bruk av Fjellsameiga sine areal. Avtalen sikrar Fjellsameiga eingongsvederlag og årleg produksjonsvederlag som er avhengig av kraftproduksjonen. Vidare har vindkraftutbyggjinga ført til at det er bygd tilkomstveg til området og eit omfattande vegnett inne i sjølve vindparkområdet. Grunneigarlaget sine medlemmer har bruksrett til dette vegsystemet på avtalte vilkår. Foto: Utsyn frå møllepunkt 2 mot Olstjødno. Vindkraftutbyggjinga har ført til at det no er god køyreveg heilt inn til eit område som ein i mange år har ynskt å dyrka til grasproduksjon/beite. Området er lokalisert i søndre del av vindparken, nærare bestemt Olstjødno-området. Hovedtyngda av dyrkingsarealet ligg på ca 300 meter o.h. Deler av området har kartlagt bonitet. Samla areal er ca 400-600 mål fordelt på 4 hovudområde. Områda er lettdyrka og i all hovudsak sjølvdrenerande.Opprinneleg tenkte me at grunneigarlaget burde leggja til rette for dyrking av områda og leiga ut teigar på langtidskontrakt til bønder. Venteleg ville me då få vanleg grasproduksjon på teigane, noko som ville innebera transport av gjødsel til fjells og transport av for ned til bygda att. I tillegg noko haustbeite. Foto: Mulig dyrkingsområde nord for Olstjødno Etterkvart har me utvikla ein ide som går ut på å nytta heile arealet til sommarbeite for mjølkekyr/storfe og sau organisert som ”Sommarseter” med hypermoderne opplegg mjølking og tilsyn/oppfølging av dyra. Då transporterer ein i staden dyra opp og mjølk ned. Med ein pårekna beitesesong på 3 månader, vil området truleg gje grasfor nok til at størstedelen av mjølkekyrne i Fitjar kan få 2 månader kvar på fjellbeite. Bilet pr i dag er at me ser ein realistisk mulighet, men mange spørsmål må drøftast og avklårast før prosektet kar realiserast: • Sikra dyrkingsmulighet i revidert reguleringsplan for området• Peika ut konkret det aktuelle dyrkingsområdet• Laga realistisk kalkyle for dyrking og tilsåing• Laga realistisk kalkyle for årleg avlingsmengd og produksjonskostnad, herunder risikovurdering• Finna eigna organisatorisk modell for dyrking og for bruken av oppdyrka areal og gjennomføra denne i samarbeid med fitjarbøndeneFoto: Vegkant ny veg i dyrkingsområde nord for Olstjødno. Gras spirer Styret i Fitjar Grunneigarlag h...
Bakgrunn