Vilkår døme på klausular

Vilkår. Time kommune set som vilkår for garantien at kommunen får førstepriorietetspant i eigedommen, at eigedommen er heftefri på det tidspunktet kommunen sin garantiperiode startar, at 50 % av lånet Jærhallen AS tek opp skal vera fastrentelån (10 år) og at det skal avtalast fastpris med entreprenør. Som vilkår for forskoteringa og eingongstilskotet set kommunen at Jærhallen AS tilpassar prosjektet til gjeldande føresegn og at det vert godkjent for spelemidlar. Dersom prosjektetikkje vert godkjent for spelemidlar kan kommunen kansellera denne avtalen utan vidare forpliktingar. Andre vilkår:• Det skal ikkje takast utbytte frå selskapet før lån ytt, eller garantert for, av Time komme er nedbetalt i sin heilskap.• Drifta av hallen skal vera i tråd med den bruk som det er gitt spelemidlar til.• Jærhallen AS skal nytta statsautorisert revisor.• Avtalen er bygd på ein føresetnad om at Bryne fotballklubb eig 100 % av aksjane i Jærhallen AS.• Kommunen forpliktar seg berre på dei beløp som ligg i denne avtalen. Ansvaret for eventuell kostnadsauke i prosjektet ligg på Jærhallen AS.
Vilkår