Oppseiing døme på klausular

Oppseiing. Brukar kan når som helst seia opp kontrakten, men vil ikkje få refundert noko av summen på semesterabonnementet. Ved oppseiing må tilgangskortet leverast tilbake. Dersom medlemen ikkje ønskjer å fornya semesterkontrakten, eller ønskjer å seia opp kontrakten før semesteret er over, må medlemen levera tilbake tilgangskortet og senda e-post til dagleg leiar i Fjorden arena. Dersom tilgangskort ikkje blir tilbakelevert innan 2 veker etter oppsagt kontrakt, eller 4 veker etter at semesterkontrakt ikkje er fornya, vert brukar fakturert med kroner 300,- for tap av kort.
Oppseiing. Begge partar kan skriftleg sei opp eller be om reforhandling av avtalen med seks månaders frist. Endringar i lov- eller planverk for utdanningane kan vere grunnlag for reforhandling. Satsen kan reforhandlast annakvart år med verknad frå oppstart nytt studieår. Dersom partane ikkje oppfyller sitt ansvar slik det står i avtalen punkt 4, skal partane så raskt som mogeleg gi skriftleg varsel om dette. Partane kan krevje midlertidig stans/utsetting av heile, eller deler av avtalen dersom det oppstår forhold som vesentleg endrar føresetnadene for samarbeidet, men skal då erstatte den andre parten sine dokumenterte kostnader knytt til f.eks. omdisponering av personell eller direkte kostnader som følge av endra tidsplan. Tvist som gjeld forståing av denne samarbeidsavtalen, eller om forhold med utspring i avtalen, skal søkast løyst ved forhandling. Dersom partane ikkje einast, kan tvisten avgjerast rettsleg. Dato:Dato: XXXX Eigar/Kommune HVL Namn/tittel barnehage Asle Holthe, dekan Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrettNamn/tittel skule
Oppseiing. Oppseiing skal vere skriftleg frå begge partar. Oppseiingsfristane skal vere i samsvar med gjeldande føresegner i lov og tariffavtale.Om arbeidstakar sine rettar ved oppseiing, blir det elles vist Arbeidsmiljølova kap. 15 og 17 og Forvaltningslovas føresegner om saksgang.Ved avgang har arbeidstakar krav på sluttattest.