Misleghald døme på klausular

Misleghald. Vesentlig misleghald av denne avtala gjev både eigar og leigar rett til å krevje at avtala opphøyrer. Som vesentlig misleghald reknast t.d. at leieavgifta ikke er betalt innan 6 månader etter fristen, eller at areala vert brukt til andre føremål enn landbruk. Som vesentleg misleghald reknast også framleige som ikkje er godkjent av eigaren, eller at gjerder og/eller vegar ikkje blir vedlikehaldne dersom dette er leigar sitt ansvar. Det same gjelder dersom jorda vert vanhevda.
Misleghald. Dersom tomta har ein mangel eller seljar ikkje til rett tid oppfyller sine plikter etter avtalen, kan kjøpar på dei vilkår som fylgjer av avhendingsloven kapittel 4 kreve oppfylling, retting, prisavslag, erstatning, heving og/eller halda tilbake ein forholdsmessig del av kjøpesummen. Dersom kjøpar ikkje betalar kjøpesummen og omkostningar eller ikkje oppfyller andre plikter etter avtalen, kan seljar på dei vilkår som fylgjer av avhendingsloven kapittel 5, krevja oppfylling, heving, erstatning, renter og/eller nekta å overføre heimel eller overlate bruken av eigedomen til kjøpar. Partane er samde om at oppgjer frå kjøpar er å rekna som vesentleg misleghald når innbetalinga, uansett grunn, er forseinka over 30 – tretti – dagar etter forfallsdato iht. denne kontrakt. Før seljar gjer hevingsretten gjeldande pliktar han å gje kjøpar forutgåande skriftleg varsel med innbetalingsfrist av det skyldige beløp innan 1 – ei – veke frå varsla dato med kopi til oppgjersansvarleg. Seljar har deretter rett til å heva kontrakten og selja eigedomen til annan kjøpar. Kjøpar er inneforstått med at seljar sine omkostningar og eventuelt tap i samband med dekningssal må dekkast av kjøpar. Dersom ein av partane meiner at det føreligg mangel eller forseinking ved den andre part si oppfylling av sine plikter etter avtalen, må han gje motparten melding om at avtalebrotet vert gjort gjeldane og kva avtalebrot det gjeld, innan rimeleg tid etter at han oppdaga eller burde ha oppdaga misleghaldet, jf. Avhendingsloven §§ 4-19 og 5-7.
Misleghald. Vesentleg misleghald av reglane i denne avtalen gir partane rett til å krevje leigeforholdet heva. Som vesentleg misleghald reknast til dømes at leigeavgift ikkje er betalt 6 månader etter fristen, bruk av areal til anna føremål enn landbruk eller at jorda vanhevdast.
Misleghald