Erstatning ved forseinking døme på klausular

Erstatning ved forseinking. Dersom forsinka eller mangelfull levering av Verket som skuldast forhold som Kunstnaren ber risikoen for, fører til forseinking eller meirkostnader for byggeprosjektet, kan KORO krevje erstatning av Kunstnaren med inntil 10 – ti – prosent av kontraktsummen. KORO kan likevel ikkje krevje meir enn det KORO blir gjort ansvarleg for frå byggherren. Ansvarsavgrensinga gjeld ikkje dersom forseinkinga har årsak i forsett eller grov aktløyse hos Kunstnaren.