Løns- og arbeidsvilkår døme på klausular

Løns- og arbeidsvilkår. Svar utfyllande på desse spørsmåla:
Løns- og arbeidsvilkår. Oppdragstakar skal syte for at løns- og arbeidsvilkåra til sine tilsette er i samsvar med gjeldande landsomfattande tariffavtale for den aktuelle bransjen. Oppdragstakar har ansvaret for at også eigne underleverandørar oppfyller dette kravet.Dersom oppdragsgjevar krev dette, skal oppdragstakar dokumentere at løns- og arbeidsvilkåra til tilsette og underleverandørar nytta i kontrakten tilfredsstiller vilkåra i avsnittet over.Oppdragsgjevar har rett til å overlate denne kontrollen til tredjepart. Dersom det viser seg at løns- og arbeidsvilkåra ikkje oppfyller vilkåra i kontrakten, kan oppdragsgjevar ileggja dagmulkt jf. pkt 7.4. Dersom det ikkje kjem i orden etter dette, vert kontraktsbrotet rekna som vesentleg misleghald, jf. pkt 7.4. Oppdragstakar skal elles halde oppdragsgjevaren skadelaus for eit kvart krav knytt til brot på ålmennregelverket om løns- og arbeidsvilkår.