UNDERSKRIFTER døme på klausular

UNDERSKRIFTER. Avtalen er laga og signert i 2 – to – eksemplar, eitt til kvar av partane. Øystre Slidre, den
UNDERSKRIFTER. Denne avtalen ligg føre i 2 eksemplar, eitt til kvar av partane. AVTALE VEDKOMANDE OVERFØRING AV JUSTERINGSRETT MELLOM Namn: Eid kommuneOrg.nr.:(Mottakar)og Namn:Org.nr.:(Overdragar) 1 BAKGRUNN Det følgjer av lov av 19. juni 2009 nr. 58 om meirverdiavgift (meirverdiavgiftsloven) § 9-3, jf. forskrift av 15. desember 2009 nr. 1540 til meirverdiavgiftsloven (meirverdiavgiftsforskriften) § 9-3-4 og § 9-3- 5 at ved overdraging av byggetiltak/kapitalvare så kan mottaker overta overdragar sin rett til å justere inngåande meirverdiavgift. Denne avtalen gjeld overføring av justeringsrett i samband med overdraging av infrastrukturtiltak opparbeidd av overdragar i samband med utbygging av eigedom på (gnr. bnr. I Eid kommune). Avtalen regulerer dei rettslegetilhøva kring overføring av tilbakeført justeringsbeløp frå mottakar til overdragar. 2 TILHØVE TIL STATSSTØTTEREGELVERKET Ved signering av avtalen vert overdragar gjort kjend med at element av statsstøtte som måtte ligge i avtalen jf. EØS-avtalen artikkel 61 nr. 1, vert gjeve med tilvising til unntaket for bagatellmessig støtte jf. § 2 i forskrift av 14. november 2008 nr. 1213 om unntak frå notifikasjonsplikt for offentleg støtte. Overdragar erklærer at selskapet på tidspunktet for signering av avtalen verken har mottatt eller er kjend med at selskapet i framtida vil motta økonomisk støtte av noko art frå stat eller kommune. Overdragar er heller ikkje del av eit konsern som på tidspunktet for signering av avtalen har mottatt eller er kjend med at vil motta økonomisk støtte av noko art frå stat eller kommune. Dersom overdragar eller selskap som inngår i same konsern som overdragar i løpet av gjenværande del av justeringsperioden tek imot økonomisk støtte av noko art frå stat eller kommune, så skal mottaker ha skriftleg melding om dette. 3 OPPLYSNINGAR VEDKOMANDE PÅLØPTE KOSTNADER OG MEIRVERDIAVGIFT FOR KAPITALVARE/BYGGETILTAK Avtalen omfattar spesifikasjonar om dei infrastrukturtiltaka som er opparbeidde av overdragar i samband med utbygging av eigedom på gnr. …. bnr….. i Eid kommune. På tidspunktet for signering av avtalen er følgjande spesifikasjonar utarbeidde og lagt ved avtalen: Spesifikasjon vedrørende utarbeiding av infrastruktur på ….., jf. oppstilling datert………. Vedlagd spesifikasjon skal stette dokumentasjonskrava som følgjer av meirverdiavgiftsforskrifta § 9- 3-5 første ledd jf. § 9-3-3 første ledd. 4 OMFANG AV JUSTERINGSRETTEN Mottakar skal årleg kreve justert 1/10 av inngåande meirverdiavgift som overdr...