Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Veg døme på klausular

Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur Veg. Utbygger skal koste og syte for opparbeiding av tilkomstvegar frå Finntøppvegen til utbyggingsområda. Tilkomst til kvar tomt skal opparbeidast til nødvendig standard og aktuell bruk av utbygger og i samsvar med reguleringsplan før det blir gitt byggetillatelse.Utbyggar av interne vegsystem skal utarbeide ei avtale som avklarar drift og vedlikehaldsanvaret for interne vegar.Utbygger skal koste omlegging av kommunal veg/offentlege parkeringsplassar/kollektivhaldeplass/fortau/skibru over Finntøppvegen gjennom tilskot. Offentleg infrastruktur vert prosjektert og opparbeidd av kommunen. Kommunen sine kostander til den offentlege infrastruktur vert dekka av tilskot som utbyggar betalar gjennom utbyggingsavtalen, jf. punkt 5.2.Skiløype skal nyttast til skiløype vinterstid og turveg, sykkelsti m.v. resten av året. Traseen i plankartet skal opparbeidast til enkel grusvegstandard spesielt oppbygd for også å fungere som ei breiskiløype. Teknisk utforming av traseen vil vere innanfor 6 meter total breidde av terrengbearbeidd såle, med 3 meter brei grusveg i midten.