Overtakingsforretning døme på klausular

Overtakingsforretning. Med mindre anna er avtalt, blir Verket overtatt ved ei overtakingsforretning. Kunstnaren skalvarsle kunstkonsulenten fjorten dagar før Verket er forventa ferdigstilt. KORO sørgjer for å innkalle til overtakingsforretning. Partane har plikt til å møte på overtakingsforretning. Unnlèt éin av partane å møte utan gyldig grunn, kan den andre parten gjennomføre overtakingsforretninga aleine. Kunstnaren skal levere ei kort skildring av kva for materiale som er brukt i utføringa av Verket, og opplyse om framtidig reinhald og vedlikehald. Desse skildringane og opplysningane skal fyllast ut i eit eige dokumentasjonsskjema som blir fastlagt av KORO. Skjemaet skal leverast til KORO i ferdig utfylt stand seinast ved overtakingsforretninga. Med mindre anna er avtalt, er Kunstnaren forplikta til å oppbevare skisser, modellar, prøvetrykk og liknande til overtakingsforretninga er halden.