Kommunal oppfølging og kontroll under bygging døme på klausular

Kommunal oppfølging og kontroll under bygging. Utbygger skal sende kommunen framdriftsplan og referat frå byggemøte for tiltaka Utbyggar opparbeider og som kommunen skal overta. Ved behov kan Utbyggar kalle inn aktuelt personell frå kommunen til sine byggemøter. For anlegg kommunen skal eige og drifte, skal kommunen ha moglegheit for kontinuerleg kontroll av anlegget under planlegging og utbygging. Val av løysing vert avklart i løpet av prosjekteringsfasen og før oppstart. Kommunen skal ha møterett i byggemøter som gjeld tiltak/anlegg Utbyggar opparbeider og som kommunen skal overta. Kommunen kan nekte overtaking av anlegg som ikkje er bygd i samsvar med plan eller der utføringa ikkje er tilfredstillande. Kommunen skal peike ut ein kontaktperson som utbygger skal forholde seg til.