Hefte døme på klausular

Hefte. Kjøper har fått seg førelagt utskrift av grunnboka datert 18.03.20 og har gjort seg kjent med innhaldet av denne. Seljar garanterer at tomta vil bli levert fri for pengehefte.Seljar stadfestar vidare at han ikkje er kjent med at det eksisterer hefte på tomta utover det som er tinglyst på den. Seljar garanterar vidare at det ikkje heftar pengehefte av nokon art, herunder utpantnings-og/eller utleggforretningar, utover det grunnboka viser. Seljar plikter seg til straks å underretta oppgjersansvarleg dersom slike forretningar blir halde fram til overskøyting/sluttoppgjer. Vidare garanterar seljar at samtlege forfalte offentlege avgifter, eventuelt festeavgift og andre avgifter som vedkjem tomta er betalt. Seljar gjev med dette oppdragsansvarleg ugjenkalleleg fullmakt til å innfri, eventuelt midlertidig innfri for overføring til anna pantobjekt, dei lån som går fram av panteattesten/oppgjersskjema og som det ikkje er avtalt at kjøpar skal overta.
Hefte. Seljar garanterer at eigedomen vil bli overdratt fri for andre pengehefte enn dei som går fram av denne kontrakten.
Hefte. Seljar garanterer at eigedomen vil bli overdratt fri for andre pengehefte enn dei som går fram av denne kontrakten, jf punkt nr 11.