Forsikring døme på klausular

Forsikring. Jærhallen AS skal forsikra sjølve bygget, bygningsmessige innretningar, samt laust og fast inventar. Time kommune kan krevja at Jærhallen AS legg fram forsikringsbevis med vilkår og kvittering for betalt forsikring. Leigetakar skal sjølv forsikre eige innbo og lausøyre.
Forsikring. Kunstnaren har ansvaret for at Verket er forsikra fram til overtaking. Med mindre anna er avtalt, skal forsikringa teiknast på vilkår som er vanlege for den typen arbeid som Kunstnaren og medhjelparane hans/hennar skal utføre. Med mindre anna er avtalt, er Kunstnaren ansvarleg for nødvendig ansvarsforsikring. Forsikringa skal dekke ansvar for skade Kunstnaren eller medhjelparane hans/hennar kan påføre tredjemannsperson(ar) eller ting fram til overtaking. Forsikringa skal ha vilkår som er vanlege for den typen arbeid som Kunstnaren og medhjelparane hans/hennar skal utføre. Attestar for kvar teikna forsikring skal kunne visast KORO om KORO ber om det.
Forsikring. Dei bygningane som inngår i denne avtalen skal haldast fullverdiforsikra av forpaktaren/eigaren. Forpaktaren skal teikne brann- og skadeforsikring for den fulle verdi av alt lausøyre, reiskap, avling og husdyr som han eig sjølv, eller som er stilt til han sin disposisjon av eigaren og som ikkje vert dekka av brannforsikringa på bygningane.Forpaktaren skal òg teikne avbrotsforsikring for driftstap som følgje av brann.
Forsikring. Studentar i pedagogisk praksis er forsikringsmessig betrakta som vanlege arbeidstakarar på praksisstaden, jf. brev frå Kunnskapsdepartementet. Dei fell dermed inn under Lov om yrkesskadeforsikring §2 og Lov om skadeerstatning § 2-1. Eventuell skade studentane pådreg seg i arbeidstid på praksisstaden vert dekka av forsikringa til praksisstaden.