Endringar i kontraktsperioden‌ døme på klausular

Endringar i kontraktsperioden‌. Oppdragsgjevar har rett til å påleggje oppdragstakar endringar i utføringa. Endringane må stå i samanheng med det arbeidet som vert omfatta av kontrakten og ikkje vere av ein vesentleg anna art. Endringane kan m.a. omfatte så vel pålegg om tilleggsarbeid som ein reduksjon av arbeidsomfang. Oppdragstakar pliktar å utføre den pålagte endringa sjølv om partane er ueinige om vederlaget eller andre konsekvensar av endringane. Oppdragstakar er ikkje pliktig til å akseptere tilleggsarbeid eller reduksjon i arbeida som utgjer ei større endring enn 15 % av årleg kontraktssum. Ein reduksjon i kontraktsarbeidet på meirenn 15 %, gjev rett til ein økonomisk kompensasjon. Denne retten gjeld ikkje opsjonar eller alternativ som er prisa i kontrakten.