Delovertaking døme på klausular

Delovertaking. KORO kan overta delar av Verket dersom dette følgjer av Kunstkontrakten. Sjølv om det ikkje følgjer av Kunstkontrakten, kan KORO deloverta etter nærmare drøftingar med Kunstnaren. Delovertaking skal skje ved overtakingsforretning. For delovertaking gjeld avgjerdene i pkt. 13.1,13.2 og 13.3 så langt dei passar. Ved delovertaking skal ein opplyse om kva for delar av Verket som blir overtatt, og kva for kontraktverdi eller forholdsmessig verdi desse har. Ved delovertaking gjeld avgjerdene i pkt. 13.4 a) og b) tilsvarande for den delen av Verket som blir overtatt.