bibsok.no døme på klausular

bibsok.no og få det tilsendt til biblioteket ditt. Når materialet som du har reservert eller bestilt kjem til biblioteket, blir det sendt ut ein sms, e-post eller brev til deg.PurringViss du ikkje leverar innan fristen, får du purring. Frå og med 23. april 2019, så krev ikkjebiblioteket inn purregebyr, men ein vil framleis sende ut purringar. Biblioteket vil ha attende alt som vert lånt ut, slik at fleire kan ha glede av det.ErstatningskravOm du ikkje leverer materiale etter tre purringar, sender vi erstatningskrav for det du har lånt. Både dei som er under og over 15 år får erstatningskrav.Prisane for erstatning er:• Lydbøker for barn: 250 kr• Lydbøker for vaksne: 450 kr• Bøker for barn: 250 kr• Bøker for vaksne: 450 kr• DVD/CD-rom: 200 kr• Tidsskrift/vekeblad: 100 kr• Bygdebøker: 1000 kr For materiale som tilhøyrer andre bibliotek utanom Nordhordland (Ƞernlån), så kan det vere andre prisar. Nordhordlandsbiblioteka følgjer prisane til biblioteket som eig materialet.Skulebiblioteka kan ha andre reglar for utlån og erstatningskrav. Sjekk med ditt lokale skulebibliotek.PersonvernerklæringSom verksemd har biblioteket plikt til å handsame personopplysingar på ein open måte. Det inneber at vi skal gi forståeleg informasjon om korleis vi handterer slike opplysingar.For å oppfylle dette, har vi laga ei ny personvernerklæring.Biblioteket si personvernerklæring finn du her: www.nordhordlandsbiblioteka.no. Rettane dineInnsynsretten (som du finn i personvernforordninga artikkel 15) går ut på at du kan spørje ei verksemd om korleis ho behandlar opplysningane dine og be om å få sjå opplysningane sjølv. Dersom du oppdagar at biblioteket har uriktige opplysingar om deg, kan du krevje retting (jf. personvernforordningen artikkel 16).