Bestandskondisjonen døme på klausular

Bestandskondisjonen. Endringar i bestandskondisjonen vert overvaka best ved å følgje utvikinga i slaktevekter for kalv og åringsdyr (splitta på kjøn), samt utviklinga i kalveproduksjon frå sett hjort. Slaktevektene bør registrerast frå så mange dyr som mogleg og fråalle delområder av kommunen. Både slaktevekter og kalverekrutteringsratene vil endre seg i takt med endra levegrunnlag. Til forskjell frå bestandstettleiken, som responderer spontant på endringar i jakttrykk, vil likevel bestandskondisjonen ofte respondere med ei tidsenking på endringar i levegrunnlag (t.d. bestandstettleik). I mange delar av landet med tidlegare høg tettleik er bestandskondisjonen framleis låg, sjølv 5-10 år etter bestandsreduksjonen. Ambisjoner om å auke bestandskondisjonen vesentleg bør difor vere langsiktige, sers i områder som har hatt høg hjortetettleik over lengre tidbolker.