Avtalen sin struktur døme på klausular

Avtalen sin struktur. Avtalen er delt opp i fire delar. Del A tar for seg generelle omsyn som gjeld for heile avtalen. Del B gjeld finansieringa av prosjektet. Del C er leigeavtalen. Del D er signatur for heile avtalen.Del B – finansiering1. Kommunal lånegarantiTime kommune skal garantera for Jærhallen AS sitt lån hos Kommunalbanken med heimel i kommuneloven § 51. Lånet skal vera nedbetalt innan 25 år. Dei første tre åra har avdragsfrihet. Garantien vert gitt som ein sjølvskuldkausjon og svarar til lånet sin hovudstol på maksimum kroner 46 502 100 med eit tillegg på 10 % av til ein kvar tid gjeldande hovudstol. Maksimumsansvar for garantien kan ikkje overstiga kroner 51 152 310. Garantien gjeld frå lånet vert tatt opp i 27 år i samsvar med Kommunalbanken sitt krav om eit tillegg på to år etter planlagt innfridd lån. 2. PantTime kommune tek pant i eigedomen i garantiperioden i samsvar med pantelova § 2-1, jf.§ 2-2. Storleiken på panten svarar til maksimumsansvaret for garantien samt forskoterte spelemidlar, totalt kroner 77 896 310. Dette vil bli tinglyst i eige pantedokument.Kommunen vil tiltrå sin pant på det tidspunktet Kommunalbanken gjer kommunen sitt garantiansvar gjeldande. Time kommune skal ha førstepriorietetspant i eigedomen og det skal tinglysast ein urådigheit på eigedomen som inneberer eit sal- og pantsettingsforbod. 3. Forskotering av spelemidlarTime kommune forskoterer utbetaling av spelemidlar på maksimalt kroner 26 744 000. Beløpet vert utbetalt når prosjektet er ferdigstillt og godkjent. Dette vert eit rentefritt lån frå Time kommune til Jærhallen AS. Lånet vert betalt tilbake når spelemidlane vert utbetalt. Dersom prosjektet vert innvilga mindre spelemidlar enn det kommunen har forskottert, vert differansen eit uteståande lån som Jærhallen AS er skyldig kommunen og må tilbakebetalast innan fem år. Ved misleghald vil kommunen tiltrå pantet. 4. Kommunalt eingongstilskotTime kommune yt eit eingongstilskot til Jærhallen AS på kroner 19 758 100. Beløpet vert utbetalt på same tid som forskoterte spelemidlar. Beløpet skal nyttast som eigenfinansiering av prosjektet for å redusera låneopptaket.