Avbestillingsvern døme på klausular

Avbestillingsvern. Gjesten kan ved bestilling av pakkar, i h.t. Lov om pakkereiser, teikne eit avbestillingsvern/-beskyttelse, og dermed ha rett til å avbestille vederlagsfritt. Med avbestillingsvern/- beskyttelse kan ein avbestille på grunn av plutseleg og alvorleg sjukdom, ulukkesskade eller død i din eigen husstand eller i nærmastefamilie (ektefelle, sambuar, barn, foreldre, svigerforeldre eller søsken) som hindrar, eller gjer det uforsvarleg å gjennomføre reisa. Retten til avbestilling gjeld også dersom hindringa rammer ein annan i reisefølget, og det derfor er urimeleg å kreve at du skal gjennomføre pakkereisa utan at vedkommande person er med. Forholdet skal dokumenterast seinast innan ein månad etter at forholdet oppstod, ved legeattest påskjema godkjent av Lægeforeningen og Den Norske Reisebransjeforening. Prisen for avbestillingsforsikring/ beskyttelse vert ikkje refundert. Dersom bestillinga og prisen er basert på at to eller fleire bur i same rom, vil avbestillingsvernet dekke tillegg som elles ville komme som følge av at gjesten ikkje kan gjennomfø-re reisa. Avbestillingsvernet omfattar også hendingar som er av plutseleg og alvorleg karakter, og som kunden verken kjende til eller burde kjenne til då avtalen vart inngått, og det ikkje er rimeleg å kreve at kunden gjennomfører turen. Slike forhold kan til dømes vere stor skade på eigedom. Forholdet skal doku- menterast ved politirapport eller attest frå forsikringsselskap.