Atterhald, avvik, feil eller manglar‌ døme på klausular

Atterhald, avvik, feil eller manglar‌. Atterhald og avvik skal vera tydelege med omsyn til korleis dei verkar inn på prisoppsett, kvalitet, kvantitet og leveringsevne. Det skal vera mogeleg for oppdragsgjevar og tyde atterhald og avvik utan å ta kontakt med tilbydar og dei skal referere til relevante punkt i konkurransegrunnlaget og takast inn i tilbodsbrevet. Eventuelle tilvisingar til standardiserte leveringsvilkår eller liknande vert rekna som atterhald dersom dei har avvik i høve til konkurranse- eller kontraktsvilkåra. Tilbydar skal gjere greie for eventuelle atterhald og avvik og konsekvensar av desse. Atterhald skal vera spesifiserte i tilbodsbrevet. Utydelege og/eller vesentlege atterhald og avvik, feil, manglar eller uklarheter som fører til at oppdragsgjevar ikkje kan evaluere tilbodet, kan føre til at tilbodet vert avvist.