Ansvarsforsikring‌ døme på klausular

Ansvarsforsikring‌. Om ikkje anna er avtalt skal oppdragstakar ha ei ansvarsforsikring med vanlege vilkår. Forsikringa skal dekkje erstatningsansvar for skade han og underleverandørane hans kan påføre oppdragsgjevar eller tredjemann sin person eller eigedom i samband med utføringa av arbeidet. Forsikringssummen for kvart skadetilfelle skal ikkje vere mindre enn 150 G, men oppdragstakar sitt ansvar er ikkje avgrensa til denne summen.Dersom leverandør får utlevert nøklar til låste dører og porter på hentestaden, skal forsikringa også omfatte dekning av tjuveri eller konsekvensar for oppdragsgjevar som skuldast tap av nøklar. Forsikringspolisen skal ikkje innehalde vilkår som reduserer oppdragsgjevar sin rett til å krevje erstatning direkte frå forsikringsselskapet, eller som kan redusere kravet hans på grunn av den forsikra sine tilhøve etter tidspunktet for forsikringstilfellet. Polisane skal leggjast fram for oppdragsgjevar for kontroll dersom han ber om dette.