Administrative og beredskapsmessige forhold døme på klausular

Administrative og beredskapsmessige forhold. EK skal vere ansvarleg for at brannstasjonane i Etne og Skånevik er forsvarleg bemanna til kvar tid, herunder skal EK:- lage vaktplaner,- sørga for rekruttering og oppbemanning dersom dette er nødvendig for å overholde pliktene etter brann- og eksplosjonsvernloven § 11 e og f,- handtere avvik og beredskapsbehov,- sørga for rapportering til DSB gjennom rapporterings- og statistikksystemet BRIS.For å oppfylle dette skal EK tilby tilsetjing til dei tilsette som har vore tilknytt brannstasjonane i Etne og Skånevik og som frivillig har avslutta arbeidsforholda sine i HBR.HBR aksepterer at dei tilsette som framleis høyrer til brannstasjonane i Etne og Skånevik, og som ønsker å avslutta arbeidsforholda sine i HBR for å ta nytt arbeid i EK, blir stilt fri utan oppseiingstid. Arbeidstakarar som ikkje frivillig avsluttar arbeidsforholda sine i HBR, men likevel høyrer til brannstasjonane i Etne og Skånevik, skal leigast ut til EK. Standardvilkåra for slik utleige følgjer av Vedlegg 1.Partane skal etablere eit kontaktpunkt mellom EK og HBR vedr. beredskap (beredskapsansvarleg). Beredskapsansvarleg for EK skal ha områdeleiar i HBR som sitt kontaktpunkt.HBR er ansvarleg for alle andre tenester som fell in under selskapsavtala i HBR, blant anna: - å stille til disposisjon nødvendig køyretøy, utstyr og materiell for å kunne ivareta beredskapsoppgåver.- vedlikehald av køyretøy, utstyr og materiell i tråd med HBR sitt internkontrollsystem.- system for forvaltning, drift og vedlikehald (Bliksund).- å utarbeide øvings- og kompetanseplanar samt levere kursplassar i samsvar med eigarandelen.- å vere kontraktpart overfor 110-sentral vedr. responsar, rutinar, økonomi m.m.